Tysdagstrening

Usikker? Redd? Sint?

I Sunnfjord hundeklubb er det plass til alle hundar, anten dei er unge eller gamle, rasereine eller eventyrblanding, og heilt uavhengig av evne til sosial fungering.

Tysdagstrening er eit tilbod for medlemar av Sunnfjord hundeklubb som har ein hund med nedsett evne til sosial fungering, og som ynskjer å forsøke eksponering for å betre kvardagslivet til hunden sin. Med denne målgruppa håper vi å få treffe hundar som uttrykkjer usikkerheit, redsle, frykt, sinne, stress eller som støyar og gjer utfall i møte med framande hundar, menneske eller situasjonar. 

Vi tek høgde for at hundane har ulikt utgangspunkt, og at dei treng ei gradvis og forsiktig tilnærming til forstyrringar i omgjevnadane, og ei langsam eksponering for framande. Vi tek oss derfor god tid til å møte desse utfordringane i lag.

Felles for alle dei faste treningane, kor vi kan treffast i regi av Sunnfjord hundeklubb, er at vi krev elektronisk førehandspåmelding før oppstart so lenge samfunnet er i smitteberedskap.

Det er krav om aktivt medlemskap i Sunnfjord hundeklubb for å kunne delta på denne faste spesialtreninga som vert avhelden kvar tysdag på Sanden i Naustdal. 

Fyrste tysdagstrening vert avhelden tysdag 11. august kl. 19 - 21.