Om klubben

Klubben vår har fokus på allsidig aktivitet for å kunne treffe flest mogeleg av innbyggarane i regionen, og hundane deira.

Sunnfjord hundeklubb er det nye namnet på Førde brukshundklubb etter regionreformen i 2020. Klubben held til i Sunnfjord kommune i Vestland fylke, og har medlemmar frå Gaular, Jølster, Førde og Naustdal, og andre stadar i landet.

Klubben vart opprinneleg skipa i 1976, og har sidan då hatt ei jamn auke i medlemstal. Per oktober 2019 hadde klubben 225 medlemmar.

Sunnfjord hundeklubb er samarbeidande med Norsk Kennelklubb, og har fokus på allsidig aktivitet for å kunne treffe flest mogeleg av innbyggarane i regionen, og hundane deira.

Vi tilbyr faste aktivitetar for hundar og eigarar; kvalpetrening, lydighetstrening, agilitytrening og utstillingstrening. Vi legg også opp til brukshundtrening, samt relevante kurs og foredrag knytt til hund og hundehald.

Her er informasjon om klubben sitt styre.

For meir informasjon kontakt klubbleiar Kim Rio på telefon 466 81 888 eller e-post kim@sfhk.no