Måndagstrening

Måndagstreninga er open for alle, anten ein er medlem i Sunnfjord hundeklubb eller ikkje. Vi krev likevel påmelding frå samtlige som ynskjer å delta. Du kan finne elektronisk påmeldingsskjema her.

Det er anledning til å ha med seg fleire på trening, og dette må merkast av for i påmeldinga.

Vi oppmodar alle til å komme presis til trening, og å melde ankomsten sin til aktivitetskoordinatoren som fører lister før aktiviteten byrjar.

Lytt til instruktørar og koordinatorar, og ta heile tida eige ansvar for at du unngår direkte fysisk kontakt med andre, at du held god avstand frå andre ekvipasjar, og at du elles er obs på å førebyggje smitte og praktiserar god hostehygiene. Kjenner du deg sjuk, eller har influensa- eller forkjølingssymptomer, bed vi om forståing for at vi helst ser at du held deg heime.

Frå august vil vi avhalde måndagstreninga paralellt i Førde, i Naustdal og på Skei.

NAUSTDAL

Kommuneparken i Naustdal

Neste trening: 10. august 2020 kl. 19

Klikk her for påmelding

Skei

Avventar oppstart



Klikk her for påmelding