Sunnfjord hundeklubb tilbyr NKK 100.000 kroner

28.04.2020

NKK er i ein nærmast umogeleg likviditetsmessig situasjon og kan vere konkurs om kort tid dersom ikkje samfunnet vert opna opp igjen, og dei organiserte hundeaktivitetane blir gjenopptatt. Inntil krisa er over må NKK ha hjelp, og i eit styremøte 27. april 2020 vedtok styret til Sunnfjord hundeklubb einstemmig å strekke ut ei hand til hovudorganisasjonen.


Norsk Kennel Klub har som formål å ivareta Noreg sine 560.000 hundar, og eigarane deira, sine interesser. Dei skal sikre etisk riktig behandling av hundar og at avl sikrar god hundevelferd for både avlsdyr og avkom. Dei er hovudorganisasjonen for hundeeigarar, og arbeider med å fremme positive aktivitetar med hund og hundesport, til det beste for både hund og eigar. NKK gjennomfører samfunnsnyttige oppgåver som bl.a. ettersøkshundregisteret, dei samarbeider med Landbruks- og matdepartementet og Mattilsynet om sunn raseavl, og tilrettelegg for aktiviteter som betrer både folkehelse og hundehelse.


Kennelklubben står mellom to stolar


NKK får ikkje økonomisk bistand frå Regjeringa si krisepakke for frivilligheita fordi hundeeigarane sin organisasjon ikkje har økonomisk overskot som hovudføremål, men er basert på nettopp dugnad og frivilligheit. Kriteriane for støtteordninga frå Finansdepartementet ekskluderer NKK frå å få lån med statleg garanti eller kontantstøtnad for faste kostnader ved inntektstap. Samstundes har ordninga stengt av mogelegheita for alternative løysingar.


- Det er klart at vi som medlemsklubb ynskjer å hjelpe NKK i ein slik krisesituasjon, seier nestleiar i Sunnfjord hundeklubb, Kim Rio. - Derfor tilbyr klubbstyret no NKK eit lån tilsvarande 1% av det beløpet som kennelklubben behøver for å sikre drifta ut 2020.


Det er på ingen måte nokon garanti for at NKK kjem seg gjennom krisesituasjonen og unngår konkurs. Det er derfor ein relativt stor risiko knytt til utlån av midlar til ein organisasjon som er så hardt ramma.


- Dette er ein risiko vi som klubb er villige til å ta. Utan å kunne arrangere offentlege FCI-godkjende arrangement, så vil vi som lokal hundeklubb også miste våre aktivitets- og innteningsmogelegheiter. Vi er derfor best tent med at NKK får halde fram med drifta si. Det vil også vere dramatisk, og veldig trist, for alle i Norge som har hund om kennelklubben, og over 100 år med historie og hardt arbeid går tapt. Vi vil gjerne gjere det vi kan for å hjelpe, og ser no på fleire mogelegheiter for å bistå NKK i denne krisa. Vi oppfordrar alle medlemmene våre til å kome med innspel i høve til dette, avsluttar Kim Rio på vegne av klubbstyret.