Mandagstrening frå 11. mai

01.05.2020

Hundeaktiviteter med inntil 50 personer er mogeleg frå og med 7. mai.

NKK sine klubbar kan frå 7. mai starte opp aktiviteter med inntil 50 personar samla. Dette varsla helseminister Bent Høie og kulturminister Abid Raja under ein pressekonferanse 30. april. 

På bakgrunn av dette tek Sunnfjord hundeklubb opp att mandagstreningane sine, og ynskjer vel møtt på Festplassen i Førde 11. mai kl. 19. Treninga vert halden av autorisert instruktør og aktivitetskoordinator.

Vi oppmodar alle om å sjølve ta ansvar for å ha rett avstand til andre deltakarar, og å praktisere smitteførebyggjande hygiene.