Introduksjonskurs i spor og sporinnlæring

06.06.2020

Begynnarkurset i ettersøk; introduksjonskurs i spor og sporinnlæring med Rudi Sønnervik som intstruktør, fekk stor oppslutnad, og vart raskt fullteikna. 

Etter ei kort kveldsøkt med teoretisk innføring i prinsippet bak ettersøk, i går fredag, fekk deltakarane i dag ein demonstrasjon av sporing, og dei fekk sjølve planlegge og legge ut eit blodspor som deira eigen hund skal søkje i morgon. 

Ein kunne ikkje bede om betre vêr, og stemninga var god rund bålpanna i pausen frå det blodige alvoret på jordbruksskulen på Mo.