Kvalpekurs

Kvalpekurs i Sunnfjord hundeklubb

Oppmøte 18. juni kl. 18 i møtelokala til Førde Camping for teoridel.

Både laurdag 20. og søndag 21. juni møter vi i Hafstadparken med påmeldte kvalpar kl. 10 begge dagar.

Påmeldingsavgift, kr. 1.600,- pr. ekvipasje. Rabattert pris for medlemar. For observatørar, familiemedlemer, eller for kursdeltakarar med kvalp under 12 veker, eller utan hund, er prisen kr. 600,- uavhengig av medlemsstatus. Born under 12 år i fylgje med vaksen kursdeltakar kan delta utan å betale kursavgift.

Kursavgifta bes innbetalt snarast. Benytt tilsendt giro.

Det løner seg å være medlem i SFHK!

Nokre av dei påmeldte er familiemedlemar til ein deltakande kvalp, medan andre tek kurset for å førebu seg på å ta imot eit nytt familiemedlem. Det vil derfor være observatører til stades under både den teoretiske og den praktiske delen av kurset. Vi bed om at alle deltakarar tek omsyn til tilrådingane frå helsemyndighetene i samband med smittevern, og at ein held minst ein meter avstand til intruktørar og andre ekvipasjar.

Spørsmål bes retta til klubbleiar Kim Rio på telefon/SMS 466 81 888 eller e-post kim@sfhk.no

*) Medlemskontigent for inneverande år må være betalt for å utløyse rabatt